Dei fyrste nasjonalparklandsbyar vart peikt ut av Miljøverndepartementet i 2008. Statssekretær Heidi Sørensen sa ved tildelinga at dette er eit sentralt grep for å skape verdiar med grunnlag i nærleiken til unike kvalitetar.

Det er no inngått ei samarbeidsavtale der nasjonalparklandsbyane og Norsk Kulturarv som landsdekkjande organisasjonar med lokal forankring skal samarbeida.

- Vår målsetting er å bli innfallsportane til unike natur og kulturarvoppleivingar. Difor ynskjer vi å samarbeida med Norsk Kulturarv, seier Tony Kjøl som er leiar i den nasjonale styringsgruppa.

Nasjonalparklandsbyane må tilfredsstille eit sett med strenge kvalitetskriteriar som utvikles i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning.

- Det er ein sterk samanheng mellom natur og kulturarvbaserte utvikling, og vi vil gjennom dette samarbeidet utvikle ei enda sterkare forståing for samanhengane, seier direktør Simen Bjørgen i Norsk Kulturarv.

Nærare informasjon ved ordførar Lidvart Jakobsen tlf 481 78 253 eller direktør Simen Bjørgen tlf. 900 32 750

Du kan også kontakte ordførarane i dei andre nasjonalparklandsbyane:

Vingelen i Tolga kommune, ordførar Ragnhild Aashaug, tlf 970 40 929
Geilo i Hol kommune, ordførar Tony Kjøl 990 34 364
Fossbergom i Lom kommune, ordførar Bjarne Eiolf Holø, tlf 901 12 400
Jondal i Jondal kommune, ordførar Jon Larsgard, tlf 92 84 36 71